Heim » Ukategorisert » Velkommen til klimabloggen min

Velkommen til klimabloggen min

Vi er på veg mot ei verd som er heilt annleis enn i dag. Med denne bloggen vil eg formidle klimaproblematikk for å gjere deg meir bevisst på utfordringa vi delar.

I dag endrar vi menneske på naturen i stor skala, blant anna gjennom store klimagassutslepp. Som klimaforskar arbeider eg dermed med det eg ser på som vår tids største utfording, nemleg global oppvarming. Allereie som liten var eg lidenskapleg interessert i vêret. Då eg vart litt større fanga dette store klimaproblemet meg.

I Telemark voks eg opp med snø, fjell og natur. Då var vegen til meteorologistudiar i Oslo og på Svalbard ikkje lang. Naturen har alltid fascinert meg og gitt meg ein sterk trong til å forstå han.

Frå vêrnerd til klimaforskar

Etter avslutta mastergrad var eg så heldig å få jobb som klimaforskar. Dette er svært aktuell forsking, både for deg og meg. Denne bloggen vil ta farge av at eg er ein klimanerd, men med nokre avstikkarar.

IMG_5752

På jobb som klimaforskar. Enkelte dagar er betre enn andre.

Doktor klima

Nyleg starta eg på eit løp som skal føre til ein doktorgrad ved Universitetet i Oslo. Offisielt blir det ein doktorgrad i meteorologi, men i praksis er forskinga mi mykje breiare enn det. Eg vil til og med påstå at eg jobbar tverrfagleg.

Hovudutfordringa i oppgåva ligg i at vi menneske slepp ut ei rekkje gassar og partiklar på ulike måtar. Desse utsleppa vil gi svært forskjellige klimaeffektar. Eg vil frå kontoret mitt analysere korleis ein kan samanlikne desse klimaepla og klimapærene i drivhuset.

Fly, bil eller tog?

Denne kunnskapen og metodane for å rekne på dette vil eg bruke på utslepp frå transportsektoren. Til dømes kjem eg til å analysere klimaeffektar av nordmenns reisevaner. Vi går, kjører bil og tar flyet. Å gå er både fint for helsa og for klimaet, men bruk av motorkraft fører til klimaskadelege utslepp.

Eit fly slepp ut CO2 ved forbrenning. Men det er ikkje alt. Den indirekte effekten av kondensstripene som fly legg att på himmelen etter seg kan vere nesten like viktig for den globale oppvarminga. Dessverre er det ingen enkel måte å samanlikne klimaeffekten av CO2 og kondensstriper.

Mens CO2 vil påverke atmosfæren i hundrevis av år, så er levetida til kondensstriper mindre enn ein dag. Kondensstriper fører til ei svært sterk oppvarming akkurat då, i motsetning til den mykje svakare oppvarminga frå CO2, men som varer i hundrevis av år. Dette er eit av mange eksempel på at klima er kult å jobbe med.

Ei typisk kondensstripe bak fly.

Ei typisk kondensstripe bak eit fly.

Kvifor lære å formidle?

Klimaproblemet er altomgripande. Klimaendringane gjeld oss alle. Vi er alle skuldige og vi alle opplever følgjene. Utsleppa aukar og den globale oppvarminga blir meir og meir tydleg. Difor er formidling av kva som skjer og kvifor så relevant og viktig.

Dette er ein grunn til at eg tar doktorgradskurset MNKOM9000 Forskningsformidling. Dessutan likar eg å formidle, anten det er å skrive om klima, forelese om det eller uttale meg i media. Denne bloggen er eit resultat av denne gleden av å formidle.

IMG_1994

Formidling er viktig og, ikkje minst, moro.

Vegen framover

Å formidle har vore ein gradvis prosess for meg. Vegen har blitt til mens eg har gått. På vegen har eg innsett at eg ikkje berre har blitt ein betre formidlar, men òg ein betre fagperson. For meg har eg lært svært mykje av å forklare avanserte ting på ein enkel, forståeleg og pedagogisk måte. Filosofien bak forskingsformidlinga mi er at dette er for viktig ikkje å snakke om.

Eg tar gjerne imot tips til bloggen min om kva som bør snakkast om.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: